Pålehytta

Pålehytta utvendig: Ei miljøvennleg hytte, bygd på pålar i vasskanten. Her kan du gå rett ut på verandaen og kaste ut fiskesnøret, bade i innsjøen Nisser, eller stige opp i ein båt og tøffe utover innsjøen.

Pålehytta innvendig: Fantastisk nærleik og utsyn over innsjøen Nisser. Her får du naturen rett inn gjennom store vindauga, som går heilt ned til golvet. 1 soverom+ sovehems, 6 soveplassar, oppvaskmaskin, kjøleskap, dusj/WC.

Seksmannshytte

Dei 5 seksmannshyttene ligg kun 5 meter frå breidda av innsjøen Nisser. Den grunne sandstranda eignar seg godt for born. Kvar hytte har eigen robåt som kan nyttast til fisketurar eller andre turar på innsjøen. Motorbåt kan leigast. Det høyrer utandørs sittegruppe til kvar hytte.

Kvar hytte har 6 sengeplasser; eitt soverom med dobbelseng og eitt soverom med 4 køyer. I stoga er det sittegruppe med TV og kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskåp og kaffitraktar. Bad med dusj/wc. To av hyttene er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Laftehytta

Den lafta hytta ligg ved sida av A-hyttene. Den har 5 sengeplasser fordelt på eitt soverom med familiekøye (2 + 1) og dobbel sovesofa i stoga. Bad med dusj/wc. Den er utstyrt som A-hyttene, men har dobbel kokeplate i staden for komfyr. Robåt høyrer med til hytta.

Eldhuset

Eldhuset vart bygd i 1911. Det er no restaurert til ei koseleg hytte med 6 til 8 sengeplassar fordelt på soverom med 4 køyer, hems med 2 soveplassar og dobbel sovesofa i peisestoga. Kjøkkenet har same utstyr som A-hyttene. Bad med dusj/wc. Robåt høyrer med til hytta.

Yvistøga

I 2. etasje av Heimistøga har me flotte leiligheitar i tradisjonell Telemarkstil med mellom anna himmelsenger. Den er på 120 m2 pluss stor veranda og har sengeplass til 14 personar fordelt på to 5-mannsrom og eitt 4-mannsrom, kvart med eigen sittegruppe og dusj/wc. Det er stort felles kjøkken med peisomn, komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskåp og kaffitraktar. Robåt høyrer med. Denne passer ypperleg for fleire familiar eller grupper!

Campinghytter

Me har 2 enkle campinghytter med 4 sengeplassar i kvar, kjøleskap og kokeplate.

Storgamma

Storgamma har soveplass til 30 personar og er det perfekte val for større grupper. Den har stor peis i midten og eigen kokeplass med dobbel kokeplate. På utsida, 5 meter frå innsjøen, er det ein overbygd grill med sitteplass til 50 personar. Me lagar eigne aktivitetsprogram for grupper.