Nisser hyttegrend og camping ligg idyllisk til ved innsjøen Nisser i Nissedal. Vestbreidda av Nisser har nokre av Norges finaste innlandssandstrender med flotte bademoglegheiter.

Vi er ein familiecamping med sommaropen kiosk, mange aktivitetar og gode turmogelegheiter sommar som vinter. Trampoliner, brygge, utleigebåtar, utleigesyklar finn du rett ved resepsjonen. Gratis wifi og god 4G frå Telenor!

Vi har plassar for telt, campingvogner, bobilar og hytter i forskjellige størrelsar til leige. Sjå eiga prisliste. Nisser Hyttegrend og Camping ligg 16 km nord for Treungen. Følg fylkesveg F 354 langs vestbreidda av innsjøen Nisser.

Camping

Vår campingplass er 3-stjerners med 2 sanitæranlegg, det nyaste frå 2001. Her finn du toalett/handicaptoalett, dusjar, vaskerom med vaskemaskin, tørkerom, utslagsrom for campingtoalett og utekjøkken.

Hytter

Dei 5 seksmannshyttene ligg kun 5 meter frå breidda av innsjøen Nisser. Den grunne sandstranda eignar seg godt for barn. Kvar hytte har eigen robåt som kan nyttast til fisketurar eller andre turar på innsjøen. Motorbåt kan leigast. Det høyrer utandørs sittegruppe til kvar hytte.