Nissedal kommune ligg i vestre del av Telemark, og tilbyr flott natur og eit breidt aktivitetsspekter heile året.

Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km2 og har 1400 innbyggjarar.

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og opptil 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk «Nidrsær», som tyder «Den nedre sjøen». Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvene. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er jord- og skogbruk, pelsdyrhald, kraftforsyning og reiseliv.

Nissedal kommune
Nissedal best heile året