Tarzan-slynger

Få eit skikkeleg adrenalinkick! Med klatreutstyr og kyndig instruktør hoppar du frå 9 eller 14 meter og pendlar fram og tilbake.

Sjå oppslag i resepsjon for åpningstid. Eller du kan bestille tid: 481 00 112 (Minstepris ved bestilling: 500,- kr.)

Tarzan er for dei tøffaste, der hoppar du frå øvste nivå og får ein god pendel, 100 kr. Jane er litt mindre pendel, 100 kr. (Dersom ein tar på utsyr og ikkje hoppar, koster det 100,- for forsøket fordi vi likevel må bruke like lang tid på utstyr)

Merka turløyper og skiløyper

Området har 9 merka turløyper av forskjellig lengde og vanskegrad. Her kan du råke på elg, hjort, reinsdyr, rådyd, bever og storfugl. Sjekk også ut Topptur Nissedal på Facebook – der finn du 40 turar i kommunen. Mange av turløypene fører til flotte utkikspunkt over Nisser og fjellheimen rundt.

Ut på fisketur

Ta med borna ut på fisketur på Nisser. Her kan du fiske med garn, oter eller med stong, så mykje du vil.

I heiane rundt er det også fine fiskevatn, der du må kjøpe fiskekort. Les meir om fiskemoglegheiter i Nissedal her.

Plukk dine eigne bær

Skogane rundt Fjone er kjende som gode bærtrakter. Folk kjem langvegs frå for å fylle opp frysarane med sopp, blåbær, tytebær og molter. Før i tida var eksport av blåbær til gruveområda i England ei viktig attåtnæring.

Klatring

Nissedal som klatreområde vart oppdaga fyrst og fremst av tyske klatrarar på slutten av 80-talet. Utover på 90-talet vart Nissedal stadig meir populært blant norske, svenske og danske klatrarar. I dag er området eit av dei mest bruka i Noreg. Her finn du meir enn 20 ulike fjellparti med fin sva- og klippeklatring på hard granitt av alle vanskegradar. Det er kort anmarsj til dei fleste rutene. I tillegg finn du fantastiske buldreproblem, spesielt ved Hægefjell. I dag foregår det klatring i Nissedal nesten heile året. Vinterstid kan ein finne fine isparti (sjå Norsk Klatring des. 2000). I 2017 og 2018 vart det arrangert klatrefestival i august! Meir info om dette finn du på Facebook.

Rapellering

Det finnast fleire forskjellige felt i nærleiken for rapellering frå 15 til 50 meter.

Nissedal Klatresenter

Nissedal Klatresenter er ein del av Nisser Hyttegrend og Camping.Her finn du innandørs klatrevegg med buldrerom.Anlegget vert bruka av klatrarar så vel som turistar og grupper av forskjellige slag. Her kan du klatre på eigahand dersom du har erfaring nok. Mange klatrarar overnattar i våre hytter, i telt på campingen eller i storgamma vår (sjå denne).

Ein del klatrarar ligg også i telt ved det mest populære fjellet, Hægefjell, der vi har bygd ein enkel

klatreleir med miljøtoalett,avfallsdunkar og grillplass for å ta vare på dette unike området.

Topptur – Hægefjell

Ein av dei høgste toppane i Nissedal på 1022 m.o.h.

Norske og tyske klatrarar oppdaga dei unike fjella i Nissedal på slutten av 80-talet. Det majestetiske Hægefjell har dei siste 20 åra blitt eit av dei mest brukte klatrefjella i Noreg, med omlag 50 ulike ruter i alle vanskegradar. Ei av dei mest kjend rutene i Europa for uerfarne klatrarar finn du her: Via Lara. Deltakarane i den norske TV-serien «71 grader nord» prøvde seg på nettopp denne ruta i 2010. Langs første delen av turløypa ligg det ein del kjempestore steinar. Dei blir brukte til klatring- eller buldring, som det heiter når ein klatrar på steinar utan sikring.

Sykling

Nissedal er eit Eldorado for sykling! Her finnast stisykkelnett i milevis og vegen rundt Nisser, med Fjoneferja som ein naturleg attraksjon, vert flitting brukt av syklistar! Mange skogsbilvegar og grusvegar gjev mogelegheit til å kome opp i heia på to hjul.