Smarte hytter har stadig nye og spennande prosjekt. I sommar bygger dei ein heilt ny modell, ei pålehytte i vasskanten.

– Ja, dette er skikkeleg moro, seier Michael Berggren.

Han og kona Åshild Reime står ved tomta, eller rettare sagt bergknausen, der fundamentet til den nye pålehytta er sett opp. Her kan den som leiger hytta, stå opp om morgonen, gå ut på verandaen og nesten stupe rett ut i innsjøen Nisser.

Klar for utleige 20. juli

Pålane hytta står på held bygget unna vatnet, men gjer samstundes til at hytta kan ligge heilt ute i vasskanten. For den som er glad i å fiske, er det bare å hive ut snøret og vente på at middagsmaten skal bite på kroken.

Book plass nå! Du kan leige hytta frå 7. juli i år.

stolpehytte2

– Me bygger den ferdig nå i sommar og gler oss veldig til å sjå hytta ferdig, seier ein nøgd Michael.

– Denne hytta er ein del av eit større prosjekt der vi ser på hytter nær og på vatnet. Vi ser på hytter som ikkje er kopla til straum, vatn og kloakk-system for å utvikle oss i takt med den tida vi lever i, seier Åshild.

– Vi ynskjer at alle å bruke naturen til å bu og leve i, men utan å øydeleggje for mykje – vatnet er ein perfekt plass å plassere bygningar om ein finn ein god og sikker måte å gjere det på, legg ho til.

IMG_3037_lite

Måndag 24. april: Pålane er ferdige.

Onsdag 10. mai: Golvet blir lagt.

Vegger og tak! Fredag 26.05.17

   

7. juli 2017: Pålehytta ferdig! Sjå fleire bilde frå den ferdige hytta her.